Nordsjøportfestivalen 2014

4-6. juli er det "Nordsjøporthelg". For 11. år på rad feirer vi vegen og bruene mellom Værlandet og Bulandet!

Dette er ei viktig og kjekk helg for oss i øyane, og vi håpar at både fastbuande og tilreisande, både nye og gamle gjestar kjem på besøk til oss denne helga!

I år er festivalen lagt til Værlandet. Hovudprogrammet ser slik ut:


Fredag 4.juli:       Motbakkeløp  "Alden Opp". Sjå nettsida: aldenopp.net
Laurdag 5.juli:  Marknad i Værøyhamna.    Sjå kven som skal ha stand
Sundag 6.juli:  Gudsteneste ombord i   M/S "Lauvanger", som skal ligge ved kai i Værøyhamna 

Her finn du detaljert informasjon om det meste som skal føregå i øyane denne helga:

Program og tilbod       
Stand og boder   
     
Transport
            
Brosjyre
   

Program og stand vert heile tida oppdatert, slik at det er lurt å sjå innom her av og til for å sjekke om det er noko nytt! :-)
Kontaktperson i Nph-komitèen:  er Arnt Henning Blom. For henvendelsar ta gjerne kontakt med han på epost
Har du lyst til å ha stand på marknaden? Ta kontakt med Magni Blom Landøy på: epost  eller  tlf 99 39 70 57
(Bilder frå tidlegare NPH finn du på den gamle nettsida vår. Sjå NORDSJØPORTHELGA i menyen på venstre side)