Alden Opp - resultat

Alden Opp - Motbakkeløp i havgapet - vart arrangert 3.juli. På Facebook-sida til arrangementet står det: 

"Vinnar av årets løp (3.juli) var i herreklassen Dag-Henry Nilsen, på 19,43 min. Tjukk skodde gjorde løypa krevande, og det var surt å komme inn kun 2 sekund unna løyperekorden (Brynjulf Vonen i 2014: 19,41min). I kvinneklassen var Helena Martinez Hersvik suveren, med ny løyperekord på tida 22,35 min. Ho forbetra tida si med over 2 min frå forrige år, der ho også vann (Helena Martinez Hersvik 2014: 24,46min)
nr 2 og 3 i herreklassen Ole Lyngbø og Henning Skeie. Nr 2 og 3 i kvinneklassen Henriette Munthe-Kaas og Christine Nikøy Rogne.
Gratulerer! Neste år har vi tru på betre utsikt og nye rekordar! Komplett resultatliste ligg på www.aldenopp.net
Takk til alle som var med, mosjonistane hadde eit aldersspenn frå 3 mnd til godt over 70. Imponerande og kjekt!"

Sjå bilder frå arrangementet HER (Facebook)