Eit STORT dugnadsprosjekt vert endeleg realisert til våren: Bulandet Symjehall skal etter planen opnast i mai 2016!
Les kva Fylkeskommunen skriv om Bulandet Symjehall på Facebook-sida si ("Fysisk aktivitet i Sogn og Fjordane") :
- "Langt vest i havet, i det idylliske øysamfunnet Værlandet og Bulandet, kjem det no opp ein svært etterlengta symje- og aktivitetshall! Etter over 40 års dugnad ...for å få realisert prosjektet kan ein endeleg sjå fram til opninga i april. Her kan du symje i bassenget medan du ser ut på bølgene som slår over holmar og skjær rett utanfor vindauga. Heile bygda gler seg, og alle tilreisande bør pakke med seg bade- og treningstøy. Vi kan tilby klubbhus med møterom, svømmebasseng, terapibasseng (plass til 6-7 personer), sauna, treningsrom, treningssal, kajakklager, døgnope sanitæranlegg med dusj, vaskerom og tørkeloft til dei som skulle ha bruk for det som t.d. kajakkpadlarar, dykkarar og turgåarar. Etter kvart ein utandørs klatrevegg på sjølve bygget. Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskjer lukke til i innspurten og har hatt glede å vere med på rådgjeving i dette spanande fysisk aktivitet - konseptet. Fysisk aktivitet - teamet nyttar samstundes høve til å ynskje alle ei aktiv god jul!"
(NB! Opning vert i mai)
Sjå innlegget til Fylkeskommunen HER
For meir info om prosjektet, bilder m.m, sjå Facebook-sida til Bulandet Symjehall