Nordsjøportfestivalen - kva er det?

Bakgrunn: 

I desember 2003 vart Fylkesveg 365 (i Sogn og Fjordane) mellom Værlandet og Bulandet opna. Les meir om vegsambandet på Wikipedia

Namnet på vegen er Nordsjøporten, og HER kan du lese ein kjekk tekst om kvifor Fylkesveg 365 Værlandet - Bulandet har fått det namnet :-)

Då vegen vart opna i desember 2003, var det ei flott og høgtideleg opning. Men folk hadde lyst til å markere og feire vegen endå meir, og sommaren 2004 vart det arrangert Nordsjøporthelg i Bulandet. Dette var so kjekt og vellykka, at Bulandet og Værlandet har fortsett å feire vegen med festival den første helga i juli kvart einaste år etter dette. 

I festivalhelga er det mykje kjekt som føregår av arrangement og tilbod i både Bulandet og Værlandet. Bygdene deler på å arrangere hovuddelen av festivalen ved at Marknaden er annankvart år på Nikøy i Bulandet og Værøyhamna på Værlandet. 

"Kjært barn har mange namn" ;-)

Festivalen vert kalla: Nordsjøporthelga, Nordsjøportfestivalen og Nordsjøporten.

 

Tekst publisert juli 2015