Om Bulandet & Værlandet

Heimesida til Noregs vestlegaste grendalag: Bulandet og Værlandet Grendalag.

Denne sida er primært laga for at Bulenningane og Værlenningane skal kunne orientere seg om kva som foregår i grendalaget, men den er og lagt opp til å presentere aktiviteter for andre lag og foreningar i øyriket.

Bulandet, Værlandet og Alden finn du lengst vest i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane Fylke. I desember 2003 vart Bulandet og Værlandet knytt ihop med bruer og vegar. Dette veganlegget vart tildelt Vakre vegars pris av Vegdirektoratet i 2006.

Denne nettsida er og lagt opp til å kunne presentere det meste av kva øyane har å by på av næringsliv, historie, aktiviteter, natur, folk og fe. Sånn at utenbygds folk og skal få ein anledning til å sjå kva vi øyafolket putler med.

Presentasjonen er tenkt å være enkel og rett på sak, utan fancy grafikk og sprellende figurer, men med ett underfundig humoristisk glimt i auge. Heilt i tråd med lynne ellers her ute i øyane.

Då er du hjartelig velkommen til en rundtur i den Bulandske og Værlandske verden. Alt du ser her er Norges vestligaste. Vi har Norges vestligaste kyrkje, skule, butikkar, barnehage, bruer, kro, kino, næringsliv, katter, hunder, pinnsvin og befolkning. So da er ikkje småtterier.